7. desember 2007

Heimreis

I dag er det bare å samla trådane. Koffertane er stort sett pakka med likt og ulikt. Også denne veka har eg vore på farten. Nokre inntrykk nedafor:





Dette er ein lokal restaurant i Atebubu, der eg åt Fufu tysdag 4.12, - med høgre handa sjølvsagt.







Dette er toalettet til restauranten.








Her står eg ved sida av ei jatrophaplante i Dukusen.













Brua over elva har eg tatt bilete av før, men no var elva mindre og det gjekk an å koma over...











Kvinner og barn på veg heim. Dei fleste har lyst til å bli fotografert.

3. desember 2007

Søndagstur til Eastern Region

Søndag var me på tur til byar i Eastern Region, fekk treffa eit par chiefar og paramount chief for Kwaho. Han hadde ei form for mottaking av gjester og andre som ville treffa han, og alle chiefane måtte og vera til stades. Det var dei vanlege rituala med overlevering av gåver, presentasjon mm, og så var det dans til ære for paramount chief. Interessant oppleving.



Her sit paramount chief på trona si med viktige chiefar rundt seg. Paramount chief er formann for kakaostyret i Ghana, og dermed ein viktig mann med mykje makt.







Trommeslagarane hadde ein travel dag. Ein del av chiefane dansa etter tur.








Gruppebilete med ein av chiefane i Eastern Region.

1. desember 2007

Sjefen på besøk

Denne veka har me hatt Thor på besøk, og det har skjedd litt av kvart. Viktigast var nok signering av landavtale med paramount chief i Agogo. Der var det ein heil seremoni, med underteikning av avtale og rituell "velsigning" som høgdepunkt.







Her signerer Nana Sarphong avtalen.






Her blir avtalen "velsigna" med litt av schnapsen som er obligatorisk gåve når ein møter chiefar.









Me fekk lov til å sitja på desse stolane, noko som eigentleg ikkje er tillatt.






Elles har me knytta fleire kontaktar, starta for alvor planlegging av korleis me skal "rulla ut" 5000 ha før utgangen av juni. Dersom nokon har tips, er det berre å ta kontakt...

Etter at Thor reiste i går kveld, skulle eg gjera nokre småjobbar på Internett, men der var det ingen tilgang lenger. I dag tidleg ringde eg og lurte på kva som var feil. Kontoen var kopla av, for me hadde ikkje betalt! Men etter sist oppstyr har me betalt fram til jul, noko eg forklarte og ba om å bli tilknytta med ein gong. Vedkomande kunne bare gi meg tilgang 24 timar. Me måtte koma til kundesenteret for å ordna opp i dette... Jaja, 24 timar er det eg treng, for i morgon blir det reising igjen, for siste gong denne perioden. Skal mellom anna finna ein plass å starta frå i Agogo. Kjem truleg tilbake tysdag kveld.

24. november 2007

Kulturopplæring

Fredag og laurdag har eg fått sett ein del lokal kultur og tradisjon igjen. Me kjørte langt for å treffa viktige folk (chiefar) i går, måtte venta i eit par timar til dei var ferdige med sitt møte, og så fekk me lov til å bli sett (og kanskje høyrt) av toppchiefen, medan me gav frå oss gåvene som høyrer med når ein vil ha kontakt med chiefar i eit område. Gåvene blei mottatt og fordelt, og så kunne me kjøra heim att. Om lag 10 timar var eg på farten for denne kortvarige overleveringa av det ein kanskje og kan kalla inngangsbillett til vidare samtalar. Mannen til venstre er formann for styret i kakaoforeninga i Ghana, og med det ein viktig mann. Du kan lesa om feiringa av 60-årsjubileet for denne organisasjonen og denne toppchiefen her:

http://www.myjoyonline.com/news/read.asp?contentid=10320


I dag (laurdag) var Ama og eg i nok ei gravferd. Broren til kokka vår drukna for eit par veker sidan og blei gravlagd i dag. Etterpå er det folkefest med mat og drikke, sang og dans - alt for å oppmuntra familien til den som er død. Det blir også rekna som ein fest for dei levande.

22. november 2007

Billege briller

Frå søndag og til i går hadde eg problem med synet, dvs. at det klødde så forferdeleg i og rundt auga. Eg trudde at det var på grunn av at eg kanskje hadde vore for mykje ute i sola utan solbriller, men det viste seg å vera ein slags allergisk reaksjon. Ama fekk meg til slutt til å gå til doktor, men han ville ikkje gjera noko som helst sidan han ikkje var augespesialist. Eg blei sendt vidare til optikar.

Denne karen testa likegodt synet, undersøkte auga og skreiv ut medisin. Han traff omtrent på "millimeteren" det resultatet ein optikar i Stavanger kom fram til før eg reiste, men med utruleg mykje meir sofistikert utstyr. Sidan synet har endra seg litt sidan sist eg kjøpte briller, fann eg ut at eg like godt kunne kjøpa nye. Innfatning, glas, synstest og konsultasjon kosta til saman snautt 800 kr. Ein synstest i Stavanger kostar bare litt mindre...

Kjem de til Ghana og treng briller, har eg altså ein optikar eg kan tilrå...

18. november 2007

Søndagstur



Me kom av garde med flyet klokka fire i går ettermiddag. Tok inn på hotell der me har vore før og slappa av før me sto opp litt før seks, åt frokost og kjørte av stad rett etter halv sju. Frå Kumasi gjekk vegen nordover til neste region og heilt til Lake Volta.



Me traff viktige folk i tradisjonelle klede. Desse er chiefar, og han som sit på den fine stolen er såkalla paramount chief, dvs. sjef over alle sjefar i sitt område.






Vegen i dette området var veldig bra. Trafikken var heller ikkje særleg tett, så det gjekk i godt over 100 store delar av turen.







Men ein kan jo støyta på litt av kvart, som t.d. ein tømmertransport. Minibussen med kristent bodskap er ikkje noko uvanleg syn. Dei fleste bilane har noko liknande i bakruta eller på skjermen.





Denne helga hadde me ein fordel av afrikanarane sitt forhold til tid og evne til å sjå stort på ting. I ein av byane me stoppa i var chiefane samla for å treffa oss på laurdag, men paramount chief og eit par til var likevel klare til å treffa oss dagen etter. Ikkje verst!

17. november 2007

Endra planar

I dag hadde me ei skuffande oppleving. Kanskje er me ikkje verdsvande nok? Vel, me kom til flyplassen vel ein time før avgang, kjøpte billettar og blei fortalt at me kunne setja oss og venta på avgang. Sidan me ikkje hadde anna enn handbagasje, sjekka me ikkje inn. Sist gong me kjøpte billett med same selskap fekk me både billett og boardingkort med ein gong. Tenkte ikkje over dette, gjekk gjennom kontrollen og viste billetten. Neitakk, ikkje noko boardingkort, fullt fly, fullt spetakkel! Me var faktisk ikkje aleine, opptil ganske mange faktisk, så diskusjonen gjekk ganske høglydt ei stund. Dama som selde billettar ville ikkje gi seg på at ho hadde sagt dette til oss, tvertimot meinte ho at ho hadde sagt at me skulle sjekka inn... Resultatet blei at me endra plan slik at me reiser i ettermiddag, tar inn på hotell og startar tidleg i morgon tidleg på bilturen.



Får visa eit bilete av ein levande fugl i staden i dag. Det er mange av desse i hagen og i området rundt.

16. november 2007

Internettproblem

Tysdag var det slutt på tilgangen til Internett. Eg forstod ingenting, og ingen såg ut til å ha peiling. Onsdag ringde eg ein serviceteknikar klokka 1300 som sa at det skulle bli fiksa innan to timar. Ingenting skjedde den dagen heller. Torsdag traff me ein kar som sa at han hadde same problem - det hadde faktisk advokatfirmaet som handterer huskjøp også - men denne karen hadde etter kvart fått vita at grunnen til daude breiband var at GT hadde innført nytt abonnentsystem og kutta alle. Kundane måtte møta opp på ein innbetalingsplass for å få nytt kundenummer og betala.

Jaja, me møtte opp i dag for å betala. Etter å ha stått i kø ei stund, blei me fortalt at me måtte gå ned i første etasje for å få nytt kundenummer. Der var køen endå større, utan noka form for kølapp eller liknande... Etter halvannan time ++ var me online att..

I går ringde eg callsenteret til GT klokka 1300, og blei fortalt at dei skulle ringa meg tilbake snart, noko som aldri skjedde. Så ringde eg sjølv i sjutida og venta på svar frå ein som sa at han skulle finna ut kva problemet var, men eg venta meir enn 15 minutt forgjeves. Eit forsøk til, og då seier operatøren at eg hadde ringt feil nummer, dei tok mot spørsmål om telefoni, ikkje internett. Jaja, eg ringde rett callsenter og måtte venta endå lenger før ein som kunne svara dukka opp. Han forklarte at det var innført nytt rekningssystem som gjorde at kundane måtte møta opp og gjera det eg har fortalt ovafor. Det skal ikkje vera lett!

Ganske merkeleg å sjå stablar av papir hjå eit selskap som skulle vera hightec i forhold til at dei driv telefoni og breiband. Eg undrar meg enno over at dei ikkje berre endra desse kundenummera i "nattens mulm og mørke" utan at nokon av oss merka det.

No er det snart helg, med ny ekspedisjon ut i terrenget. Sjå fram til meir njus.

11. november 2007

helg 10.-11. november

Det har vore ei roleg og lat helg. Veldig avslappande. Har gått tre turar i nabolaget. Kvar gong treff eg barn som ropar "obruni" etter meg og gjerne vil snakka litt. I går gav eg fire skuleelevar 1 GHC på deling, og då var det "God bless you" før dei gjekk vidare. I dag traff eg ein søskenflokk på fire som gjerne ville sjå kor eg budde, men eg greidde no å rista dei av meg før det... Eit par av smågutane ville gjerne halda meg i handa, så dei er tillitsfulle- og sikkert nysgjerrige.

I dag var eg i kyrkja att. Einaste kvite, så det er jo litt rart. Folk er vennlege, men eg får førebels ikkje særleg kontakt der. Kan ha noko med det å gjera at eg reiser tilbake til kontoret når det er slutt. Skal kanskje gi meg meir tid neste gong.

På biletet til venstre ser de ein av ungdommane som hjelper til i gudstenesta. No samlar han inn offer. Det var tre ofringar i dag. Det første blir samla inn i benkene, det andre blir levert i korger som står framme i koret, og det tredje var ekstra i dag til støtte for evanelistar som skulle ut i meir perifere område av landet.


Når gudstenesta er slutt, går koret først og kyrkjelyden etter, medan ein syng ein salme. Så stiller dei seg opp på rekke og rad, slik at alle får helsa på kvarandre.

10. november 2007

jatrophaplanta vår 1 veke


Her har det skjedd noko sidan sist eg viste bilete av planta. Eitt vanleg blad er ferdig utvikla, og neste er på gang.

6. november 2007

Vellukka helgetur

Helg 3.-5. november


Laurdag morgon ble eg henta klokka seks som avtalt. Litt før halv sju var me på bussterminalen i Accra, sjekka opp eit par bussar før me bestemte oss for å satsa på ein litt meir offisiell buss enn sist. Denne skulle gå halv åtte, same kor mange passasjerar dei hadde. Vel, då var det bare å venta i ca ein time – litt forgjeves å stå opp så tidleg då, tenkte eg. Bussen kom av garde nærare kvart over åtte, så regulariteten var ikkje all verden..

Rett etter avgang starta ein mann å snakka til alle i bussen. Eg trudde det var ein representant for firmaet som prøvde å retta opp den seine avgangen med nokre fine unnskyldningar, men det var ein predikant som heldt ein engasjert andakt i om lag ein halv time. Det var både hallelujah og amen frå passasjerane, og kollekt før han steig av...


Trafikken ut frå Accra var enorm, så me kom ikkje fram til Kumasi før halv to. Innsjekking på hotell, skifting til gravferdskostyme, og så bar det på fest, for gravferd i Ghana er fest for dei levande og noko ein gjer for å oppmuntra den næraste familien til den avlidne. Det var stort sett mykje lyd heile tida, med eit trommeensemble som leda an.


Det blei mykje handhelsing, me fekk tilvist ein plass å sitja, men etter ei stund måtte me vidare til servering. Det var soft-drink og øl, alt etter eige ynskje. Grilla kylling, nøter og kjeks blei også servert. Der sat me til det var tid å gå heim. Fekk ta ein del bilete som viser nydelege kostyme.




Søndagen skulle me til gravferda for chiefen i Kumawu. Litt feilkjøring blei det, men me kom fram etter kvart. Der var det ikkje noka gravferd, nei. Den var over torsdag ettermiddag. Men me hadde ein fin tur og fekk sjå mykje fin natur og interessante landskap.


Søndag kveld sjekka me opp leigebil. Me fann ein ledig Toyota Landcruiser til 120 GHC for ein dag, med sjåfør.

Papir blei fylte ut og eg skulle til å betla då B meinte at 20 GHC var nok, resten kunne dei få dagen etter når dei dukka opp på hotellet. Nei, det var ikkje tale om, men eigaren skulle ringa seinare på kvelden og stadfesta at dei kunne koma. Han ringde ikkje og me prøvde å ringa han, men ingen kontakt. Neivel, B fekk hjelp på hotellet til å ringa eit anna firma og avtalte ein firehjulsdriven bil frå dette firmaet til klokka seks morgonen etter. Eg hadde no mine tankar om dette.. Kvart på seks måndag morgon ringde den første og sa at han var i resepsjonen. Vel, Barfour meinte at dette var ok. Den som kjem først, får oppdraget og pengane. Slik er det i Ghana... Frokosten me hadde bestilt kvelden i førevegen til kvart på seks kom aldri, og var heller ikkje klar i restauranten, så me bare kjørte. Stoppa ein stad på vegen og åt frokost.

Vegen til plantasjen var dårlegare enn sist. På plantasjen var fem-seks arbeidsfolk i gang med machetane sine. I løpet av 10-15 dagar hadde dei rydda kanskje ¼ av plantasjen. Dei slår ikkje berre graset, men rotar opp røtene, slik at det ser ut som åker etter dei. Ikkje rart at dette tar tid. Biletet viser ei plante som er ca eit halvt år. Her finn me blomar, og på ei anna plante var det alt frukt.



Eg måtte og prøva ut ugrastyning på gamlemåten. Misunner ikkje dei som driv på slik heile dagen..





Landskapet nordaust for plantasjen.





Etter plantasjebesøk bar det vidare til elva som deler landskapet. Me kjørte så langt som vegen gjekk, og der fann me ein landsby der borna bada i elva som born andre stader der det er vatn.




Tilbaketuren gjekk greitt, ingen kjøreproblem denne gongen.

Me stoppa ved ein butikk og kjøpte appelsinar som ei dame gjorde klar for eting. Om lag 30 øre pr. stk. Biletet viser disken i butikken..




Me hadde bestemt oss for å ta fly frå Kumasi til Accra, og derfor var me tilbake i Accra litt over seks om ettermiddagen. Det som då tok verkeleg laaaang tid, var den korte kjøreturen frå flyplassen til kontoret, kanskje om lag ei mil. Det tok oss ca ein time i konstant kø.


Men alt i alt, ei interessant helg der eg fekk sjå nye landskap, treffa interessante folk, og eg fekk til og med slappa av og trimma litt i symjebassenget til hotellet me budde på.

2. november 2007

Vekeslutt

Veka har gått fort. Det er vel kanskje eit teikn på at tilpassinga til livet her går greitt?

I dag blei eg ringt opp frå banken og spurt om korleis eg syntest opplegget med å registrera ny bankkonta var. Eg sa no som sant var, at eg tykte det var veldig byråkratisk, og at eg syntest det var litt komisk å bli spurt etter mora sitt jentenamn. Forklaringa på dette er at dei som vil ta ut pengar, må svara på dette spørsmålet... Det er altså eit spørsmål om sikker tilgang til pengar...

I morgon blir det tur til Ashante regionen. Start klokka seks - så det blir tidleg legging.

1. november 2007

November!


Veret her minnar ikkje mykje om vått og grått vestlandsver, det skal vera sikkert. Men i dag hadde me faktisk ei regnbyge på ettermiddagen. Kontormøblane kom, noko som var kjærkome. Elles fekk eg endeleg oppretta bankkonto, og eit av dei litt kuriøse felta eg måtte fylla ut på eit skjema var jentenamnet til mor mi!



Gartnar, hushjelp og dagvakt Seth sådde nokre jatrophafrø for litt over ei veke sidan. Så langt har utviklinga kome i dag:

31. oktober 2007

Onsdag 31.oktober

No har eg alt vore her i ein månad. I dag har me sett på hus, men enda opp med det huset me har vore og kikka på fleire gonger. Til slutt blei det ein akseptabel pris for både kjøpar og seljar, så no håpar me at alle er glade.

I "mitt" hus er det framleis litt spartansk, som de kanskje forstår av bileta. I går kjøpte eg meg akvarium for 2 GHC - om lag 12 kr. Litt selskap om ettermiddagen og kvelden skadar ikkje...





I går kjøpte me også kontormøblar som skulle bli levert og montert i dag, men til no - kl 17.06 - har ingen vist seg.

27. oktober 2007

27.oktober - laurdag

I går kveld var det stor «oppstandelse» i nabolaget. Butikkane tvers over gata blei jamna med jorda av svære hjullastarar. Politi var på plass, og mange tilskodarar. Seth sa at dei som hadde desse butikkane hadde blitt advart for om lag eit halvt år sidan, og no dukka renovasjonen opp. Svært få fekk tid til å berga det som for oss ser ut som skur, men som for nokon er både levebrød og bustad. Trist å vera vitne til. I dag låg skura i ruinar, og folk heldt på å rydda litt. Skal bli interessant å sjå om styresmaktene kjem til å rydda alt, eller lar det vera opp til folk sjølve å rydda.


Tok ein tur i nabolaget – nedover gata og tilbake att. Nokre få innkjøp, og så sette eg meg ut i sola litt. Må jo prøva å få litt farge på kroppen til eg kjem heim att. Saman med Seth skulle eg sjå ManU mot Middlesborough. Rett før kampstart kom det ein skikkeleg regnskur, og straumen gjekk... Eit kvarter etter kampstart kom straumen tilbake. Seth meinte at grunnen til slike straumbrot var kortslutning som følgje av at ledningane slo mot kvarandre i vinden eller greiner daska mot dei og laga kortslutning.


Ettermiddagen og kvelden går med til rapport- og mailskriving. Kanskje blir det Die Hard 2 seinare i kveld.

26. oktober 2007

Utafor og inne i huset



Blomeprakt utafor, dyreliv både der og inne, er litt annleis enn i gamlelandet. Dei to-tre første dagane hadde eg nokre kakerlakkar på badet. Ein kveld var faktisk to av dei i toalettveska. Etter eit par rundar med insektspray, har me fått kontroll på det meste. Det er nokså vanleg her at ein sprayar eit par dagar i veka for å halda insekt, ikkje minst malariamygg, i sjakk.

Historieundervisning -2.søndag på eiga hand





Via nettverket til Ama fekk eg vera med på tur til Cape Cost, der det er to forsvarsverk som blei brukte til å lagra slavar før dei blei sende frå Afrika. Lite hyggeleg, men nyttig oppfrisking av historia. Begge stader blei det lagt vekt på at afrikanarane sjølve spelte ei viktig rolle i dette tragiske kapitlet av vår felles historie.

Mellombels kontor



Etter nokre dagar var me leie av å sitja med laptop og anna arbeid i fanget, så me kjøpte eit spisebord. Det kan jo brukast både til å eta på og som kontorpult til dess me får kjøpt betre utstyr.

Helgetur - elddåp






Laurdag og søndag 6.-7. oktober


Me tok ut frå Barfour i sekstida på morgonen. Sjåføren, Sydney, Barfour og eg. Sidan Barfour var litt engsteleg for å bruka den finaste bilen i forhold til leigeutgifter og slikt, blei det til at me tok den raude pick-upen. Ikkje særleg komfortabel, men det blei då plass til oss alle, ein isboks og litt til.


Sidan laurdag er gravferdsdag på landet, og folk frå Accra reiser ut, valde Barfour og sjåføren å ta ein litt lengre veg for å unngå trafikk. Det skulle visstnok gå litt fortaren... Etter to-tre timars kjøring stoppa me for frokost. Så bar det vidare, med ein liten stopp i ein liten by for å levera noko til ein kjenning, Bernard.


Siste del av vegen likna meir på kjerreveg. Vidare og vidare ut på landsbygda bar det, og humpane blei større og større. Me tok att ein landcruisar, som tydelegvis hadde ein sjåfør som var kjend på gjørmehola. Når han hadde passert eit vanskeleg stykke, venta han på oss for å sjå at me kom vidare. Det gjorde me ikkje...


Sjåfør og passasjerar i den andre bilen var så vennlege at me fekk kjøra vidare med dei. Planen var vel at dei kunne hjelpa å taua oss fri etterpå. Bilen tilhøyrde ein hjelpeorganisasjon som heiter World Vision.


Me kom etter kvart vel fram til plantasjen – i tolv-halv eitt tida. Sikkert litt seinare enn me hadde rekna med, men det ser ut til å vera regelen her til lands. Plantene som Thor blei avbilda saman med sist gong hadde vokse ganske bra:


Dei hadde også prøvt seg på å dyrka nyttevekstar saman med jatropha:


Etter fotograferinga var ferdig, stoppa me litt i landsbyen og fann fort ein jatrophabusk me kunne finna frø på. Heile mannskapet i arbeid, medan eg fekk jobb med å fotografera nysgjerrige born – og nokre vaksne. Ein mann kom bort og sa at han var svolten. Då kom det godt med at eg tilfeldigvis hadde med ein flatbrødpakke som ein viss sjef hadde dratt med seg frå Noreg. Mannen takka og bukka og kom att med to knekkebrød som han delte med ungeflokken.


Medan dette stod på forsvann Barfour med onkelen sin til bilen for å førebu redningsaksjonen. Me andre blei inviterte til mat hjå pastorparet i den lokale pinsevennkyrkja. Det blei servert steikt yam med peppersaus og hermetisk fisk. Smakte faktisk ganske godt.


Leiaren for World Vision i området stod for dette, og når han fann ut at det var på tide å bryta opp, for me av garde med Landcruisaren att.


Med lånt wire gjekk me i gang med friskt mot, godt assistert av viljuge hjelparar, men landcruisaren måtte til slutt gi tapt etter å ha slite sundt slepekroken på pick-upen. Ein motorsykkel blei sendt tilbake til landsbyen for å spør om hjelp frå ein traktor me hadde sett kjøra forbi då me var der. Dette tok ei laaaaang stund, men endele kom nå ein traktor med svær hengar kjørande. Det tok ikkje så lang tid før me hadde greidd å dra pick-upen ut av søla ved hjelp av den.


Men ingen av dei lokalt kjende våga å la pick-upen snu her, så den måtte gjennom sølepytten han prøvde å unngå då me sette oss fast, snu, og så koma tilbake att. Det dampa ganske godt under panseret, men bilen sveiv og alt syntest å gå vår veg etter nokre timar arbeid og venting. Så skulle traktoren vidare, og det gjekk ikkje likare enn at den blei ståande fast 100m lenger oppe i vegen. Etter eit mislukka forsøk var det ikkje fritt for at eg sende ei lita bøn til høgare makter, - og skulle du sett: traktoren kjørte vidare!


Landcruisarsjåføren kom så ned til vår bil for å fresa den gjennom dei verste sølespora. Vår sjåfør hadde blitt litt mobba for at han berre hadde taxi-erfaring frå Accra... Dette gjekk også fint, men sjåføren vår var litt bekymra for kjøleanlegget, og det viste seg at radiatoren var meir skada enn me likte. Bilen blei parkert i grøftekanten, og alle steig inn i landcruisaren att som tok oss heilt til næraste by.


Barfour takka så mykje for all hjelp og tålmod, medan leiaren svarte at det var Gud som hadde laga det slik at me kom i deira veg og dermed gitt dei eit høve til å hjelpa oss. Slik kan ein også sjå på det som skjer!