31. oktober 2007

Onsdag 31.oktober

No har eg alt vore her i ein månad. I dag har me sett på hus, men enda opp med det huset me har vore og kikka på fleire gonger. Til slutt blei det ein akseptabel pris for både kjøpar og seljar, så no håpar me at alle er glade.

I "mitt" hus er det framleis litt spartansk, som de kanskje forstår av bileta. I går kjøpte eg meg akvarium for 2 GHC - om lag 12 kr. Litt selskap om ettermiddagen og kvelden skadar ikkje...





I går kjøpte me også kontormøblar som skulle bli levert og montert i dag, men til no - kl 17.06 - har ingen vist seg.

27. oktober 2007

27.oktober - laurdag

I går kveld var det stor «oppstandelse» i nabolaget. Butikkane tvers over gata blei jamna med jorda av svære hjullastarar. Politi var på plass, og mange tilskodarar. Seth sa at dei som hadde desse butikkane hadde blitt advart for om lag eit halvt år sidan, og no dukka renovasjonen opp. Svært få fekk tid til å berga det som for oss ser ut som skur, men som for nokon er både levebrød og bustad. Trist å vera vitne til. I dag låg skura i ruinar, og folk heldt på å rydda litt. Skal bli interessant å sjå om styresmaktene kjem til å rydda alt, eller lar det vera opp til folk sjølve å rydda.


Tok ein tur i nabolaget – nedover gata og tilbake att. Nokre få innkjøp, og så sette eg meg ut i sola litt. Må jo prøva å få litt farge på kroppen til eg kjem heim att. Saman med Seth skulle eg sjå ManU mot Middlesborough. Rett før kampstart kom det ein skikkeleg regnskur, og straumen gjekk... Eit kvarter etter kampstart kom straumen tilbake. Seth meinte at grunnen til slike straumbrot var kortslutning som følgje av at ledningane slo mot kvarandre i vinden eller greiner daska mot dei og laga kortslutning.


Ettermiddagen og kvelden går med til rapport- og mailskriving. Kanskje blir det Die Hard 2 seinare i kveld.

26. oktober 2007

Utafor og inne i huset



Blomeprakt utafor, dyreliv både der og inne, er litt annleis enn i gamlelandet. Dei to-tre første dagane hadde eg nokre kakerlakkar på badet. Ein kveld var faktisk to av dei i toalettveska. Etter eit par rundar med insektspray, har me fått kontroll på det meste. Det er nokså vanleg her at ein sprayar eit par dagar i veka for å halda insekt, ikkje minst malariamygg, i sjakk.

Historieundervisning -2.søndag på eiga hand





Via nettverket til Ama fekk eg vera med på tur til Cape Cost, der det er to forsvarsverk som blei brukte til å lagra slavar før dei blei sende frå Afrika. Lite hyggeleg, men nyttig oppfrisking av historia. Begge stader blei det lagt vekt på at afrikanarane sjølve spelte ei viktig rolle i dette tragiske kapitlet av vår felles historie.

Mellombels kontor



Etter nokre dagar var me leie av å sitja med laptop og anna arbeid i fanget, så me kjøpte eit spisebord. Det kan jo brukast både til å eta på og som kontorpult til dess me får kjøpt betre utstyr.

Helgetur - elddåp






Laurdag og søndag 6.-7. oktober


Me tok ut frå Barfour i sekstida på morgonen. Sjåføren, Sydney, Barfour og eg. Sidan Barfour var litt engsteleg for å bruka den finaste bilen i forhold til leigeutgifter og slikt, blei det til at me tok den raude pick-upen. Ikkje særleg komfortabel, men det blei då plass til oss alle, ein isboks og litt til.


Sidan laurdag er gravferdsdag på landet, og folk frå Accra reiser ut, valde Barfour og sjåføren å ta ein litt lengre veg for å unngå trafikk. Det skulle visstnok gå litt fortaren... Etter to-tre timars kjøring stoppa me for frokost. Så bar det vidare, med ein liten stopp i ein liten by for å levera noko til ein kjenning, Bernard.


Siste del av vegen likna meir på kjerreveg. Vidare og vidare ut på landsbygda bar det, og humpane blei større og større. Me tok att ein landcruisar, som tydelegvis hadde ein sjåfør som var kjend på gjørmehola. Når han hadde passert eit vanskeleg stykke, venta han på oss for å sjå at me kom vidare. Det gjorde me ikkje...


Sjåfør og passasjerar i den andre bilen var så vennlege at me fekk kjøra vidare med dei. Planen var vel at dei kunne hjelpa å taua oss fri etterpå. Bilen tilhøyrde ein hjelpeorganisasjon som heiter World Vision.


Me kom etter kvart vel fram til plantasjen – i tolv-halv eitt tida. Sikkert litt seinare enn me hadde rekna med, men det ser ut til å vera regelen her til lands. Plantene som Thor blei avbilda saman med sist gong hadde vokse ganske bra:


Dei hadde også prøvt seg på å dyrka nyttevekstar saman med jatropha:


Etter fotograferinga var ferdig, stoppa me litt i landsbyen og fann fort ein jatrophabusk me kunne finna frø på. Heile mannskapet i arbeid, medan eg fekk jobb med å fotografera nysgjerrige born – og nokre vaksne. Ein mann kom bort og sa at han var svolten. Då kom det godt med at eg tilfeldigvis hadde med ein flatbrødpakke som ein viss sjef hadde dratt med seg frå Noreg. Mannen takka og bukka og kom att med to knekkebrød som han delte med ungeflokken.


Medan dette stod på forsvann Barfour med onkelen sin til bilen for å førebu redningsaksjonen. Me andre blei inviterte til mat hjå pastorparet i den lokale pinsevennkyrkja. Det blei servert steikt yam med peppersaus og hermetisk fisk. Smakte faktisk ganske godt.


Leiaren for World Vision i området stod for dette, og når han fann ut at det var på tide å bryta opp, for me av garde med Landcruisaren att.


Med lånt wire gjekk me i gang med friskt mot, godt assistert av viljuge hjelparar, men landcruisaren måtte til slutt gi tapt etter å ha slite sundt slepekroken på pick-upen. Ein motorsykkel blei sendt tilbake til landsbyen for å spør om hjelp frå ein traktor me hadde sett kjøra forbi då me var der. Dette tok ei laaaaang stund, men endele kom nå ein traktor med svær hengar kjørande. Det tok ikkje så lang tid før me hadde greidd å dra pick-upen ut av søla ved hjelp av den.


Men ingen av dei lokalt kjende våga å la pick-upen snu her, så den måtte gjennom sølepytten han prøvde å unngå då me sette oss fast, snu, og så koma tilbake att. Det dampa ganske godt under panseret, men bilen sveiv og alt syntest å gå vår veg etter nokre timar arbeid og venting. Så skulle traktoren vidare, og det gjekk ikkje likare enn at den blei ståande fast 100m lenger oppe i vegen. Etter eit mislukka forsøk var det ikkje fritt for at eg sende ei lita bøn til høgare makter, - og skulle du sett: traktoren kjørte vidare!


Landcruisarsjåføren kom så ned til vår bil for å fresa den gjennom dei verste sølespora. Vår sjåfør hadde blitt litt mobba for at han berre hadde taxi-erfaring frå Accra... Dette gjekk også fint, men sjåføren vår var litt bekymra for kjøleanlegget, og det viste seg at radiatoren var meir skada enn me likte. Bilen blei parkert i grøftekanten, og alle steig inn i landcruisaren att som tok oss heilt til næraste by.


Barfour takka så mykje for all hjelp og tålmod, medan leiaren svarte at det var Gud som hadde laga det slik at me kom i deira veg og dermed gitt dei eit høve til å hjelpa oss. Slik kan ein også sjå på det som skjer!

4. oktober 2007

dag4


























I dag har me endeleg settla hus til å bu i og til å ha kontorplass i. Huset me såg på i går blei det for mykje styr med i forhold til å få i orden. Nå gler eg meg til å bli installert i eit relativt stort hus i same område som det andre. Nokre inntrykk kan ein kanskje få her.


Nokre inntrykk av korleis det er langs vegane, får ein av dei andre bileta. Varene ein ser, er butikkar som sel langs vegen.

Elles starta dagen med ein dukkert, noko som sikkjert ikkje blir så veldig vanleg framover.


3. oktober 2007

dag3



I dag har det vore varmt og fint. Dei fleste bilane har heldigvis aircondition, men eg var og på ein lengre tur med Ama for å sjå på hus. Hennar bil, ein gamal Mitsubishi, hadde dessverre ikkje det. Me kjørte lenger enn langt som det heiter i eventyret, men ingen av oss likte huset som blei tilbudt særleg godt, så me kjørte tilbake og enda kanskje opp med det huset de ser på bileta her. Det er eg nokre bilete frå same gata.







Elles nokre gatebilete frå ein annan stad i Accra, men som likevel viser veldig typiske trekk i gatebiletet...

2. oktober 2007

dag2


I dag har me mellom anna vore på husjakt. Ut av hovudgata er det stort sett berre humpete grusvegar, men nokre av husa var riktig fine - og dyre...

1. oktober 2007

Fin start


I dag kom Thor Hesselberg og eg til Accra etter ein lang flytur frå Sola. Mellomlanding i Frankfurt for å skifta fly, og så ny pause i Lagos, Nigeria før me endeleg kom fram til Accra 17.10 lokal tid. Accra ligg to tidssoner vest for oss, så då var klokka 19.10 heime. Litt over 12 timar frå flyet letta på Sola...

Utanfor ankomsthallen stod Barfour og Barfour og venta på oss. Me blei kjørte til hotellet der me har ein fin suite med to rom, oppholdsrom, kvar sitt bad og no også trådlaust internett.

Første kvelden på hotellet har me brukt til samtale med Barfour og Ama. Me skal treffast igjen i morgon tidleg og treffa far til Ama som er chief for eit større område, ha møte med advokatfirmaet me skal bruka, og sikkert sjå etter permanent opphaldsstad for meg.

Biletet viser sjefen i arbeid.