24. november 2007

Kulturopplæring

Fredag og laurdag har eg fått sett ein del lokal kultur og tradisjon igjen. Me kjørte langt for å treffa viktige folk (chiefar) i går, måtte venta i eit par timar til dei var ferdige med sitt møte, og så fekk me lov til å bli sett (og kanskje høyrt) av toppchiefen, medan me gav frå oss gåvene som høyrer med når ein vil ha kontakt med chiefar i eit område. Gåvene blei mottatt og fordelt, og så kunne me kjøra heim att. Om lag 10 timar var eg på farten for denne kortvarige overleveringa av det ein kanskje og kan kalla inngangsbillett til vidare samtalar. Mannen til venstre er formann for styret i kakaoforeninga i Ghana, og med det ein viktig mann. Du kan lesa om feiringa av 60-årsjubileet for denne organisasjonen og denne toppchiefen her:

http://www.myjoyonline.com/news/read.asp?contentid=10320


I dag (laurdag) var Ama og eg i nok ei gravferd. Broren til kokka vår drukna for eit par veker sidan og blei gravlagd i dag. Etterpå er det folkefest med mat og drikke, sang og dans - alt for å oppmuntra familien til den som er død. Det blir også rekna som ein fest for dei levande.

22. november 2007

Billege briller

Frå søndag og til i går hadde eg problem med synet, dvs. at det klødde så forferdeleg i og rundt auga. Eg trudde at det var på grunn av at eg kanskje hadde vore for mykje ute i sola utan solbriller, men det viste seg å vera ein slags allergisk reaksjon. Ama fekk meg til slutt til å gå til doktor, men han ville ikkje gjera noko som helst sidan han ikkje var augespesialist. Eg blei sendt vidare til optikar.

Denne karen testa likegodt synet, undersøkte auga og skreiv ut medisin. Han traff omtrent på "millimeteren" det resultatet ein optikar i Stavanger kom fram til før eg reiste, men med utruleg mykje meir sofistikert utstyr. Sidan synet har endra seg litt sidan sist eg kjøpte briller, fann eg ut at eg like godt kunne kjøpa nye. Innfatning, glas, synstest og konsultasjon kosta til saman snautt 800 kr. Ein synstest i Stavanger kostar bare litt mindre...

Kjem de til Ghana og treng briller, har eg altså ein optikar eg kan tilrå...

18. november 2007

Søndagstur



Me kom av garde med flyet klokka fire i går ettermiddag. Tok inn på hotell der me har vore før og slappa av før me sto opp litt før seks, åt frokost og kjørte av stad rett etter halv sju. Frå Kumasi gjekk vegen nordover til neste region og heilt til Lake Volta.



Me traff viktige folk i tradisjonelle klede. Desse er chiefar, og han som sit på den fine stolen er såkalla paramount chief, dvs. sjef over alle sjefar i sitt område.






Vegen i dette området var veldig bra. Trafikken var heller ikkje særleg tett, så det gjekk i godt over 100 store delar av turen.







Men ein kan jo støyta på litt av kvart, som t.d. ein tømmertransport. Minibussen med kristent bodskap er ikkje noko uvanleg syn. Dei fleste bilane har noko liknande i bakruta eller på skjermen.





Denne helga hadde me ein fordel av afrikanarane sitt forhold til tid og evne til å sjå stort på ting. I ein av byane me stoppa i var chiefane samla for å treffa oss på laurdag, men paramount chief og eit par til var likevel klare til å treffa oss dagen etter. Ikkje verst!

17. november 2007

Endra planar

I dag hadde me ei skuffande oppleving. Kanskje er me ikkje verdsvande nok? Vel, me kom til flyplassen vel ein time før avgang, kjøpte billettar og blei fortalt at me kunne setja oss og venta på avgang. Sidan me ikkje hadde anna enn handbagasje, sjekka me ikkje inn. Sist gong me kjøpte billett med same selskap fekk me både billett og boardingkort med ein gong. Tenkte ikkje over dette, gjekk gjennom kontrollen og viste billetten. Neitakk, ikkje noko boardingkort, fullt fly, fullt spetakkel! Me var faktisk ikkje aleine, opptil ganske mange faktisk, så diskusjonen gjekk ganske høglydt ei stund. Dama som selde billettar ville ikkje gi seg på at ho hadde sagt dette til oss, tvertimot meinte ho at ho hadde sagt at me skulle sjekka inn... Resultatet blei at me endra plan slik at me reiser i ettermiddag, tar inn på hotell og startar tidleg i morgon tidleg på bilturen.



Får visa eit bilete av ein levande fugl i staden i dag. Det er mange av desse i hagen og i området rundt.

16. november 2007

Internettproblem

Tysdag var det slutt på tilgangen til Internett. Eg forstod ingenting, og ingen såg ut til å ha peiling. Onsdag ringde eg ein serviceteknikar klokka 1300 som sa at det skulle bli fiksa innan to timar. Ingenting skjedde den dagen heller. Torsdag traff me ein kar som sa at han hadde same problem - det hadde faktisk advokatfirmaet som handterer huskjøp også - men denne karen hadde etter kvart fått vita at grunnen til daude breiband var at GT hadde innført nytt abonnentsystem og kutta alle. Kundane måtte møta opp på ein innbetalingsplass for å få nytt kundenummer og betala.

Jaja, me møtte opp i dag for å betala. Etter å ha stått i kø ei stund, blei me fortalt at me måtte gå ned i første etasje for å få nytt kundenummer. Der var køen endå større, utan noka form for kølapp eller liknande... Etter halvannan time ++ var me online att..

I går ringde eg callsenteret til GT klokka 1300, og blei fortalt at dei skulle ringa meg tilbake snart, noko som aldri skjedde. Så ringde eg sjølv i sjutida og venta på svar frå ein som sa at han skulle finna ut kva problemet var, men eg venta meir enn 15 minutt forgjeves. Eit forsøk til, og då seier operatøren at eg hadde ringt feil nummer, dei tok mot spørsmål om telefoni, ikkje internett. Jaja, eg ringde rett callsenter og måtte venta endå lenger før ein som kunne svara dukka opp. Han forklarte at det var innført nytt rekningssystem som gjorde at kundane måtte møta opp og gjera det eg har fortalt ovafor. Det skal ikkje vera lett!

Ganske merkeleg å sjå stablar av papir hjå eit selskap som skulle vera hightec i forhold til at dei driv telefoni og breiband. Eg undrar meg enno over at dei ikkje berre endra desse kundenummera i "nattens mulm og mørke" utan at nokon av oss merka det.

No er det snart helg, med ny ekspedisjon ut i terrenget. Sjå fram til meir njus.

11. november 2007

helg 10.-11. november

Det har vore ei roleg og lat helg. Veldig avslappande. Har gått tre turar i nabolaget. Kvar gong treff eg barn som ropar "obruni" etter meg og gjerne vil snakka litt. I går gav eg fire skuleelevar 1 GHC på deling, og då var det "God bless you" før dei gjekk vidare. I dag traff eg ein søskenflokk på fire som gjerne ville sjå kor eg budde, men eg greidde no å rista dei av meg før det... Eit par av smågutane ville gjerne halda meg i handa, så dei er tillitsfulle- og sikkert nysgjerrige.

I dag var eg i kyrkja att. Einaste kvite, så det er jo litt rart. Folk er vennlege, men eg får førebels ikkje særleg kontakt der. Kan ha noko med det å gjera at eg reiser tilbake til kontoret når det er slutt. Skal kanskje gi meg meir tid neste gong.

På biletet til venstre ser de ein av ungdommane som hjelper til i gudstenesta. No samlar han inn offer. Det var tre ofringar i dag. Det første blir samla inn i benkene, det andre blir levert i korger som står framme i koret, og det tredje var ekstra i dag til støtte for evanelistar som skulle ut i meir perifere område av landet.


Når gudstenesta er slutt, går koret først og kyrkjelyden etter, medan ein syng ein salme. Så stiller dei seg opp på rekke og rad, slik at alle får helsa på kvarandre.

10. november 2007

jatrophaplanta vår 1 veke


Her har det skjedd noko sidan sist eg viste bilete av planta. Eitt vanleg blad er ferdig utvikla, og neste er på gang.

6. november 2007

Vellukka helgetur

Helg 3.-5. november


Laurdag morgon ble eg henta klokka seks som avtalt. Litt før halv sju var me på bussterminalen i Accra, sjekka opp eit par bussar før me bestemte oss for å satsa på ein litt meir offisiell buss enn sist. Denne skulle gå halv åtte, same kor mange passasjerar dei hadde. Vel, då var det bare å venta i ca ein time – litt forgjeves å stå opp så tidleg då, tenkte eg. Bussen kom av garde nærare kvart over åtte, så regulariteten var ikkje all verden..

Rett etter avgang starta ein mann å snakka til alle i bussen. Eg trudde det var ein representant for firmaet som prøvde å retta opp den seine avgangen med nokre fine unnskyldningar, men det var ein predikant som heldt ein engasjert andakt i om lag ein halv time. Det var både hallelujah og amen frå passasjerane, og kollekt før han steig av...


Trafikken ut frå Accra var enorm, så me kom ikkje fram til Kumasi før halv to. Innsjekking på hotell, skifting til gravferdskostyme, og så bar det på fest, for gravferd i Ghana er fest for dei levande og noko ein gjer for å oppmuntra den næraste familien til den avlidne. Det var stort sett mykje lyd heile tida, med eit trommeensemble som leda an.


Det blei mykje handhelsing, me fekk tilvist ein plass å sitja, men etter ei stund måtte me vidare til servering. Det var soft-drink og øl, alt etter eige ynskje. Grilla kylling, nøter og kjeks blei også servert. Der sat me til det var tid å gå heim. Fekk ta ein del bilete som viser nydelege kostyme.




Søndagen skulle me til gravferda for chiefen i Kumawu. Litt feilkjøring blei det, men me kom fram etter kvart. Der var det ikkje noka gravferd, nei. Den var over torsdag ettermiddag. Men me hadde ein fin tur og fekk sjå mykje fin natur og interessante landskap.


Søndag kveld sjekka me opp leigebil. Me fann ein ledig Toyota Landcruiser til 120 GHC for ein dag, med sjåfør.

Papir blei fylte ut og eg skulle til å betla då B meinte at 20 GHC var nok, resten kunne dei få dagen etter når dei dukka opp på hotellet. Nei, det var ikkje tale om, men eigaren skulle ringa seinare på kvelden og stadfesta at dei kunne koma. Han ringde ikkje og me prøvde å ringa han, men ingen kontakt. Neivel, B fekk hjelp på hotellet til å ringa eit anna firma og avtalte ein firehjulsdriven bil frå dette firmaet til klokka seks morgonen etter. Eg hadde no mine tankar om dette.. Kvart på seks måndag morgon ringde den første og sa at han var i resepsjonen. Vel, Barfour meinte at dette var ok. Den som kjem først, får oppdraget og pengane. Slik er det i Ghana... Frokosten me hadde bestilt kvelden i førevegen til kvart på seks kom aldri, og var heller ikkje klar i restauranten, så me bare kjørte. Stoppa ein stad på vegen og åt frokost.

Vegen til plantasjen var dårlegare enn sist. På plantasjen var fem-seks arbeidsfolk i gang med machetane sine. I løpet av 10-15 dagar hadde dei rydda kanskje ¼ av plantasjen. Dei slår ikkje berre graset, men rotar opp røtene, slik at det ser ut som åker etter dei. Ikkje rart at dette tar tid. Biletet viser ei plante som er ca eit halvt år. Her finn me blomar, og på ei anna plante var det alt frukt.



Eg måtte og prøva ut ugrastyning på gamlemåten. Misunner ikkje dei som driv på slik heile dagen..





Landskapet nordaust for plantasjen.





Etter plantasjebesøk bar det vidare til elva som deler landskapet. Me kjørte så langt som vegen gjekk, og der fann me ein landsby der borna bada i elva som born andre stader der det er vatn.




Tilbaketuren gjekk greitt, ingen kjøreproblem denne gongen.

Me stoppa ved ein butikk og kjøpte appelsinar som ei dame gjorde klar for eting. Om lag 30 øre pr. stk. Biletet viser disken i butikken..




Me hadde bestemt oss for å ta fly frå Kumasi til Accra, og derfor var me tilbake i Accra litt over seks om ettermiddagen. Det som då tok verkeleg laaaang tid, var den korte kjøreturen frå flyplassen til kontoret, kanskje om lag ei mil. Det tok oss ca ein time i konstant kø.


Men alt i alt, ei interessant helg der eg fekk sjå nye landskap, treffa interessante folk, og eg fekk til og med slappa av og trimma litt i symjebassenget til hotellet me budde på.

2. november 2007

Vekeslutt

Veka har gått fort. Det er vel kanskje eit teikn på at tilpassinga til livet her går greitt?

I dag blei eg ringt opp frå banken og spurt om korleis eg syntest opplegget med å registrera ny bankkonta var. Eg sa no som sant var, at eg tykte det var veldig byråkratisk, og at eg syntest det var litt komisk å bli spurt etter mora sitt jentenamn. Forklaringa på dette er at dei som vil ta ut pengar, må svara på dette spørsmålet... Det er altså eit spørsmål om sikker tilgang til pengar...

I morgon blir det tur til Ashante regionen. Start klokka seks - så det blir tidleg legging.

1. november 2007

November!


Veret her minnar ikkje mykje om vått og grått vestlandsver, det skal vera sikkert. Men i dag hadde me faktisk ei regnbyge på ettermiddagen. Kontormøblane kom, noko som var kjærkome. Elles fekk eg endeleg oppretta bankkonto, og eit av dei litt kuriøse felta eg måtte fylla ut på eit skjema var jentenamnet til mor mi!



Gartnar, hushjelp og dagvakt Seth sådde nokre jatrophafrø for litt over ei veke sidan. Så langt har utviklinga kome i dag: