25. juni 2008

Typisk Ghana

Bileta under seier meir enn ord, eller?


















Landskamp

Søndag 22.juni var det landskamp igjen. Ghana mot Gabon i kvalifisering for neste fotballvm i Sør-Afrika. Det blei ein artig kamp, særleg i første omgang, men ennå brenn Ghana altfor mange sjansar. Resultatet blei 2-0.






Det er mange måtar å tena pengar på. Desse hadde malt seg og poserte for fotografane og gjekk rundt med hatten etterpå.

14. juni 2008

Langs vegen

Denne veka har eg vore i Agogo og området vidare innover i "bushen". I løpet av to dagar greidde me å setja oss fast tre gonger, så vegane er eit stort hinder for framskritt. Nå er det eit håp om at vårt prosjekt er med på å framskunda utbetring av vegen. Dette har vore planlagt lenge, og det finst faktisk pengar og.



Me skulle ha såkalla communitymeetings for å informera om prosjektet og høyra folk sine meiningar og spørsmål. Her er eg i gang som referent. Medbrakt aggregat måtte etter kvart til for å halda pc og skrivar i gang.





På vegen tilbake til Accra knipsa eg heilt vanlege situasjonar langs vegen. Treng vel kanskje ikkje kommenteras? Kanskje likevel på sin plass å minna om at dette er hovudvegen mellom Accra og Kumasi, med relativ høg fart og stor trafikk. Det hindrar ikkje folk frå å selja langs vegen, og der det av ein eller annan grunn er stopp, t.d. på grunn av vegarbeid, er det alltid mange som har noko å selja.

2. juni 2008

Trommekjøp



Søndag etter kyrkja tok eg turen til trommeprodusenten eg har truffe før nede ved stranda. Der er det eit stort marked for tradisjonelt kunsthandtverk. Ein god del av dei som sel varene sine her, bur også på området.




Rett nedafor slår Atlanterhave inn mot stranda.

Informasjonsmøte i Agogo

For å få lov til å starta plantasjedrift, må ein ha godkjenning frå EPA - Environmental Protection Agency. Ein del av arbeidet med å få denne godkjenninga går ut på å arrangera informasjonsmøte med dei byane og landsbyane som ligg i området for dei nye plantasjane.

Eit slikt møte blei halde i Agogo torsdag i førre veke. Mange folk var til stades, og ein del av dei nytta høvet til å stilla spørsmål.

Dei vanlege rituala blei også gjennomførte, og i tillegg var det åpnings- og avslutningsbønn som eg måtte ta meg av.


Til venstre ein del chiefar mens dei påkallar divers makter og ber om velsigning over paramount chief, prosjektet mm. Ein messer og dei andre stadfestar heile tida. Litt brennevin blir tømd ut med jamne mellomrom.







Her sit paramount chief saman med tenarar og queen mother (110 år gamal)

25. mai 2008

Bilvask

Bilane blir nokså skitne nå i regntida. Det ser kanskje ikkje så gale ut, men tenk på at det er fullt av søle inni skjermar og under. I dag gjekk eg for full pakke, underspyling og vask av matter inkludert.






Resultatet blei slett ikkje dårleg, men guten som vaska heldt på i over ein time. Fleire omgangar med såpe og vatn måttte til, i tillegg til høgtrykksspyling.






Dette er nabolaget til bilvasken. Ein ser mais i vegkanten. Folk går ikkje langt for å finna ein liten jordflekk å dyrka litt mat på..

Legg også merke til trekkerøyr for kablar som litt ope i dreneringa/bekkken.

Det er regntid nå. Annakvar/tredjekvar dag har me som regel ei rotbløyte. Innimellom er det sol og varmt som vanleg.

19. mai 2008

Sykkeltur













Utsikt over Accra










Dans i kyrkja










Dusj i fossen

Søndag 19.mai manna eg meg opp til å bli med på sykkeltur med to andre, ein nordmann og ein sørafrikanar. Me kjørte først til ein by utafor Accra som heiter Aburi, der me leigde syklar og guide. Så bar det av stad, på vanlege vegar eit stykke og så over stokk og stein i jungelen.

Der i ein landsby høyrte med tromming og synging. Nysgjerrige som me var, sykla me i retning av tromminga og kom til ei enkel kyrkje der lovsangen og dansen var godt i gang.

Elles kom me forbi små landsbyar og enda til slutt opp ved det som dei kalla waterfall=foss, men det beste var faktisk å stå under der og dusja seg litt, sjølv om me var våte frå før både av sveitte og eit regnskyll.

Turen var 40km lang, og eg må innrømma at dei siste kilometrane var tunge. Ein gong då eg skifta stilling frå sitjande til ståande, tok krampa begge føtene. Heldigvis fekk eg strekka ut og rista laus og kom i mål.

Ei flott oppleving. Me kjem nok til å satsa på slik trim meir.

17.mai




Nasjonaldagen blei feira på relativt tradisjonelt vis. Me møtte opp hjå den norske konsulen, Morten Gade, der det var flaggheising og tog. Eit skikkeleg hornorkester leda an og spelte også for oss når me slappa av i hagen.

Tale for dagen blei halden av mora til konsulen, og etter kvart kom det lunsj på bordet: laks i ulike variantar, pølser, spekemat og anna godt. Seinare skulle det vera kaffi og kransekaker, men då hadde me fått nok mat og var ganske heite - for veret var som vanleg strålande med høge temperaturar. Midt i Accra er det ikkje alltid så mykje vind heller, så det var godt å få av seg dressen og få på seg meir komfortable klede.

11. mai 2008

Pinse

God Pinse!

I dag var eg i kyrkja att. På ein måte blei pinse overskygga av at det er morsdag i Ghana i dag. Derfor blei det fokusert særleg på kvinnene. Etter preika hadde mange av dei eit drama i kyrkja, der dei spela Marta og Maria. Engasjert spel og bra appell til slutt av Marta, som hadde lært å søka Guds rike først.

Etterpå måtte alle kvinnene fram. Nokre born kom fram og las bønner, og presten ba til slutt for dei og. Fint og litt spesielt.

På jobbsida blei det ein utedag i går, sidan me måtte leiga ein gravemaskin til å grava grøfter til å leda vekk vatnet som kjem mykje og fort når det regnar her. Me fekk hol på ein liten dam som fløymde over og laga bekkekrater nedover i plantasen.

7. mai 2008

Regntid


Tilbake i Ghana måndag kveld, 5. mai. Nå er det regntid her. I natt vakna eg av eit veldig toreskrall og kraftig regn. Om dagen er veret stort sett fint.

I dag såg eg ein slange - heilt grøn - som kraup i tak-konstruksjonen til eit hus me held på med på seedgarden. Der er også biletet frå.

27. februar 2008

Oljesheikar?

Nok ein tur er unnagjort. Denne veka blei det litt voksenopplæring i chifen til Dukusen si hytte. Han og ein annan jobbar for oss, men det er behov for litt oppklaring både på økonomi og kva som må gjerast for å bli ferdig. Sjølv om me kan snakka engelsk med kvarandre, har det vist seg både her og i andre tilfelle at me frå Norge og dei frå Ghana har ulike oppfatningar og forestillingar om kva eit ord betyr. Kommunikasjon ved hjelp av bilete eller konkret vising av framgangsmåte ser ut til å vera det sikraste, men ikkje alltid like lett å få til. Derfor er det viktig å vera til stades.



Styret frå Norge er på besøk denne veka. På vegen traff me ein mann med palmeoljefrukt, noko som måtte undersøkjast.








På området til universitetet i Accra skal me til me ein førproduksjonsfarm. Området må ryddast for vegetasjon, og deretter gjerast klar for såing. Det er framleis ein del skjær i sjøen, men me har ikkje truffe dei alle...

14. februar 2008

Ut på tur


Utandørs frisørsalong i Kwame Danso







Stort sett er eg meir eller mindre på farten, kjennest det ut som. Måndag og tysdag denne veka var det 19 timar frå start til slutt, og tysdag 14 timar. Slikt sit i kroppen litt etterpå.


Her helsar eg på chiefen i Kwame Danso.








Overalt møter me menneske som er interesserte i å jobba for oss, i første omgang med å gjera store landområde klare for planting. Det vil i praksis seia å skjera ned gras, buskar og mindre tre, og å brenna eller transportera dette vekk.

I Dukusen blei dei to første motorsagene monterte og prøvekjørt. Litt av nokre monster, men dei vil ha slike her.

8. februar 2008

Torhild heime att




Onsdag kveld reiste Torhild heim att, så nå er det tilbake til opplegget me hadde før jul. Før ho reiste fekk ho med seg litt til, både handling på gata og kjøp av stoff til nye plagg. Dei blir sydde her og tatt med heim av meg til påske.


I vekene her har Torhild drive med litt handarbeid.

Elles er ho ikkje særleg imponert over korleis folk her slenger frå seg søppel. P.g.a. problem med å få kjøpt ein lisens for Microsoft office har eg ikkje fått retta opp desse bileta, - men det greier kanskje du? Biletet nedafor er vegkanten utafor huset.









Torsdag kveld var det semifinale i African Cup of Nations, der Ghana dessverre tapte 0-1 mot Kamerun. Det var ikkje mykje liv i gatene i går kveld..

Dette er monument og talarstol på Independence Square, ein veldig stor plass nede ved sjøen der militæret har parader og der presidenten og ev andre viktige personar viser seg og held talar.

4. februar 2008

Kvartfinale

Søndag ettermiddag var det kvartfinale mellom Ghana og Nigeria i African Cup of Nations. Ein kamp mellom Ghana og Nigeria er 10 gonger så viktig som ein kamp mellom Norge og Sverige, minst.

Me kom til stadion litt før klokka tre, og kampstart var klokka fem. Det var likevel mykje liv og røre, som tok til i styrke og intensitet etter kvart. Me blei kroppsvisiterte ved inngangen, og Torhild måtte gi frå seg ei fløyte ho hadde kjøpt som ein del av supportarutstyret. Ei dame litt nedafor oss hadde greidd å smugla inn ei fløyte, men då ho hadde halde på ei lita stund - lenge før kampstart - kom ein politimann og ville ha fløyta. Ho nekta og laga mykje styr - diskuterte sikkert minst fem minutt før ho endeleg gav seg for overmakta, som hadde auka litt i og med at andre vanlege vakter og kom til.

Kampen var ikkje spesielt god, og Ghana kom på etterskot då Nigeria skorte på straffe, men nasjonen sin helt, Essien (Chelsea), nikka inn utlikning tre minutt på overtid i første omgang. I andre omgang fekk Ghana ein forsvarsspelar korrekt utvist, men då fann dei ut at her må det jobbing til. Ikkje ufortent greidde dei å scora og vann til slutt 2-1, til kjempejubel og fest i gatene og overalt.




Når publikum ikkje var heilt fornøyd med dommaren, kasta dei vannflasker inn på banen, og når Ghana scorte, kasta dei vatn rundt på folk rund seg. Derfor blei me litt våte.

2. februar 2008

Tur til Atebubu og Dukusen

Torsdag og fredag (31.1-1.2) tok me ein ny tur til Atebubu og Dukusen. Lang kjøretur frå Accra til Atebubu, ca 7,5 timar. Der traff me dei som var viktige å treffa i forhold til plantasjeoppstart. Mest interessant i så fall var besøk i landsbyen som er utgangspunkt. Her var folk interesserte i å høyra kva me skulle til med, og som elles hadde dei lyst til å bli fotograferte.

I løpet av samtalen under treet kom det fram at dei skulda landeigaren 10 GHc av årsleiga for området dei disponerer. Dette svarer til om lag 55 NOK. Då eg forstod kva det gjekk i, drog eg opp ein 10 GHc seddel frå lommeboka og gav til ledaren i landsbyen, slik at han kunne betala eigaren, som var til stades. Det blei stor jubel og mange kom og takka meg i handa. Ufatteleg å sjå og oppleva slik fattigdom. Men folk såg ut til å ha godt humør og såg fram til arbeid.


I Dukusen fann me fram til område å starta rydding for såing, og me fekk også tid til å treffa paramount chief, Nana Kwame Akuoko Sarpong, far til Ama. Han var veldig glad for pengane som var komne til no. Dei hadde blitt brukt til å utbetra gatelys i Agogo og til eit gjerde rundt eit viktig bygg.


Dette er ei kakaofrukt me fann på ein plantasje ikkje langt frå Agogo.







Nå har me folk som skal setja i gang med rydding, slik at i løpet av relativt kort tid må me sprøyta og begynna å så. I vekene framover kjem eg nok til å vera meir eller mindre på farten.


Bushfire er den normale måten å starta landrydding på her i Ghana. Det brenn over alt, og ingen ser ut til å sjå etter. Når området er avsvidd, går ein inn med cutler (machete) og hakke, ev også motorsag, ryddar og brenn endå meir, og så kan planting ta til.



Eit døme på utnytting av lastekapasitet. Mange bilar er dessverre i nokså dårleg stand, men dei kjem seg fram, stort sett.

28. januar 2008

Avslappingshelg













Laurdag og søndag var fine dagar. Åge var med på utflukt for å sjekka ut område for ev produksjon av såfrø, medan Torhild slappa av ved kontoret i sola.

Søndag låg me ved bassengkanten til eitt av dei finaste hotella i byen, og på ettermiddagen tok me ein kjøretur rundt i Accra for å bli litt betre kjent.

27. januar 2008

Akosombo Dam


Laurdag 26.1 var eg med på tur til Akosombo Dam som ein bonus i forhold til synfaring på eit potensielt område for nursery. Bak demninga ligg ein av dei største menneskeskapte innsjøane i verda, og her blir elkrafta for Ghana produsert.

24. januar 2008

På tur igjen til Agogo

Tysdag og onsdag denne veka fekk me ein tur nordover. Torhild fekk sjå trafikken i Ghana, overlessa lastebilar, holete vegar og smilande folk.

Ho fekk og ei slags "velkommen til Ghana" oppleving då me punkterte midt ute i bushen og måtte improvisera litt for å få laus reservedekket og oppdaga at me også hadde gløymt å ta med vatn. Heldigvis gjekk det fortare enn frykta å skifta hjul.





Her i området blir det dyrka kasawa, melon, appelsinar, tomat, mm. Tomatdyrking er ikkje heilt det same som på Talgje....






Ama poserer med hendene fulle av papaya.


På vegen tilbake passerer me mange bønder som har arbeidt på plantasjane sine, og dei er alltid glade for skyss.