25. mai 2008

Bilvask

Bilane blir nokså skitne nå i regntida. Det ser kanskje ikkje så gale ut, men tenk på at det er fullt av søle inni skjermar og under. I dag gjekk eg for full pakke, underspyling og vask av matter inkludert.






Resultatet blei slett ikkje dårleg, men guten som vaska heldt på i over ein time. Fleire omgangar med såpe og vatn måttte til, i tillegg til høgtrykksspyling.






Dette er nabolaget til bilvasken. Ein ser mais i vegkanten. Folk går ikkje langt for å finna ein liten jordflekk å dyrka litt mat på..

Legg også merke til trekkerøyr for kablar som litt ope i dreneringa/bekkken.

Det er regntid nå. Annakvar/tredjekvar dag har me som regel ei rotbløyte. Innimellom er det sol og varmt som vanleg.

19. mai 2008

Sykkeltur













Utsikt over Accra










Dans i kyrkja










Dusj i fossen

Søndag 19.mai manna eg meg opp til å bli med på sykkeltur med to andre, ein nordmann og ein sørafrikanar. Me kjørte først til ein by utafor Accra som heiter Aburi, der me leigde syklar og guide. Så bar det av stad, på vanlege vegar eit stykke og så over stokk og stein i jungelen.

Der i ein landsby høyrte med tromming og synging. Nysgjerrige som me var, sykla me i retning av tromminga og kom til ei enkel kyrkje der lovsangen og dansen var godt i gang.

Elles kom me forbi små landsbyar og enda til slutt opp ved det som dei kalla waterfall=foss, men det beste var faktisk å stå under der og dusja seg litt, sjølv om me var våte frå før både av sveitte og eit regnskyll.

Turen var 40km lang, og eg må innrømma at dei siste kilometrane var tunge. Ein gong då eg skifta stilling frå sitjande til ståande, tok krampa begge føtene. Heldigvis fekk eg strekka ut og rista laus og kom i mål.

Ei flott oppleving. Me kjem nok til å satsa på slik trim meir.

17.mai




Nasjonaldagen blei feira på relativt tradisjonelt vis. Me møtte opp hjå den norske konsulen, Morten Gade, der det var flaggheising og tog. Eit skikkeleg hornorkester leda an og spelte også for oss når me slappa av i hagen.

Tale for dagen blei halden av mora til konsulen, og etter kvart kom det lunsj på bordet: laks i ulike variantar, pølser, spekemat og anna godt. Seinare skulle det vera kaffi og kransekaker, men då hadde me fått nok mat og var ganske heite - for veret var som vanleg strålande med høge temperaturar. Midt i Accra er det ikkje alltid så mykje vind heller, så det var godt å få av seg dressen og få på seg meir komfortable klede.

11. mai 2008

Pinse

God Pinse!

I dag var eg i kyrkja att. På ein måte blei pinse overskygga av at det er morsdag i Ghana i dag. Derfor blei det fokusert særleg på kvinnene. Etter preika hadde mange av dei eit drama i kyrkja, der dei spela Marta og Maria. Engasjert spel og bra appell til slutt av Marta, som hadde lært å søka Guds rike først.

Etterpå måtte alle kvinnene fram. Nokre born kom fram og las bønner, og presten ba til slutt for dei og. Fint og litt spesielt.

På jobbsida blei det ein utedag i går, sidan me måtte leiga ein gravemaskin til å grava grøfter til å leda vekk vatnet som kjem mykje og fort når det regnar her. Me fekk hol på ein liten dam som fløymde over og laga bekkekrater nedover i plantasen.

7. mai 2008

Regntid


Tilbake i Ghana måndag kveld, 5. mai. Nå er det regntid her. I natt vakna eg av eit veldig toreskrall og kraftig regn. Om dagen er veret stort sett fint.

I dag såg eg ein slange - heilt grøn - som kraup i tak-konstruksjonen til eit hus me held på med på seedgarden. Der er også biletet frå.