19. mai 2008

17.mai




Nasjonaldagen blei feira på relativt tradisjonelt vis. Me møtte opp hjå den norske konsulen, Morten Gade, der det var flaggheising og tog. Eit skikkeleg hornorkester leda an og spelte også for oss når me slappa av i hagen.

Tale for dagen blei halden av mora til konsulen, og etter kvart kom det lunsj på bordet: laks i ulike variantar, pølser, spekemat og anna godt. Seinare skulle det vera kaffi og kransekaker, men då hadde me fått nok mat og var ganske heite - for veret var som vanleg strålande med høge temperaturar. Midt i Accra er det ikkje alltid så mykje vind heller, så det var godt å få av seg dressen og få på seg meir komfortable klede.

11. mai 2008

Pinse

God Pinse!

I dag var eg i kyrkja att. På ein måte blei pinse overskygga av at det er morsdag i Ghana i dag. Derfor blei det fokusert særleg på kvinnene. Etter preika hadde mange av dei eit drama i kyrkja, der dei spela Marta og Maria. Engasjert spel og bra appell til slutt av Marta, som hadde lært å søka Guds rike først.

Etterpå måtte alle kvinnene fram. Nokre born kom fram og las bønner, og presten ba til slutt for dei og. Fint og litt spesielt.

På jobbsida blei det ein utedag i går, sidan me måtte leiga ein gravemaskin til å grava grøfter til å leda vekk vatnet som kjem mykje og fort når det regnar her. Me fekk hol på ein liten dam som fløymde over og laga bekkekrater nedover i plantasen.

7. mai 2008

Regntid


Tilbake i Ghana måndag kveld, 5. mai. Nå er det regntid her. I natt vakna eg av eit veldig toreskrall og kraftig regn. Om dagen er veret stort sett fint.

I dag såg eg ein slange - heilt grøn - som kraup i tak-konstruksjonen til eit hus me held på med på seedgarden. Der er også biletet frå.

27. februar 2008

Oljesheikar?

Nok ein tur er unnagjort. Denne veka blei det litt voksenopplæring i chifen til Dukusen si hytte. Han og ein annan jobbar for oss, men det er behov for litt oppklaring både på økonomi og kva som må gjerast for å bli ferdig. Sjølv om me kan snakka engelsk med kvarandre, har det vist seg både her og i andre tilfelle at me frå Norge og dei frå Ghana har ulike oppfatningar og forestillingar om kva eit ord betyr. Kommunikasjon ved hjelp av bilete eller konkret vising av framgangsmåte ser ut til å vera det sikraste, men ikkje alltid like lett å få til. Derfor er det viktig å vera til stades.



Styret frå Norge er på besøk denne veka. På vegen traff me ein mann med palmeoljefrukt, noko som måtte undersøkjast.








På området til universitetet i Accra skal me til me ein førproduksjonsfarm. Området må ryddast for vegetasjon, og deretter gjerast klar for såing. Det er framleis ein del skjær i sjøen, men me har ikkje truffe dei alle...

14. februar 2008

Ut på tur


Utandørs frisørsalong i Kwame Danso







Stort sett er eg meir eller mindre på farten, kjennest det ut som. Måndag og tysdag denne veka var det 19 timar frå start til slutt, og tysdag 14 timar. Slikt sit i kroppen litt etterpå.


Her helsar eg på chiefen i Kwame Danso.








Overalt møter me menneske som er interesserte i å jobba for oss, i første omgang med å gjera store landområde klare for planting. Det vil i praksis seia å skjera ned gras, buskar og mindre tre, og å brenna eller transportera dette vekk.

I Dukusen blei dei to første motorsagene monterte og prøvekjørt. Litt av nokre monster, men dei vil ha slike her.

8. februar 2008

Torhild heime att




Onsdag kveld reiste Torhild heim att, så nå er det tilbake til opplegget me hadde før jul. Før ho reiste fekk ho med seg litt til, både handling på gata og kjøp av stoff til nye plagg. Dei blir sydde her og tatt med heim av meg til påske.


I vekene her har Torhild drive med litt handarbeid.

Elles er ho ikkje særleg imponert over korleis folk her slenger frå seg søppel. P.g.a. problem med å få kjøpt ein lisens for Microsoft office har eg ikkje fått retta opp desse bileta, - men det greier kanskje du? Biletet nedafor er vegkanten utafor huset.









Torsdag kveld var det semifinale i African Cup of Nations, der Ghana dessverre tapte 0-1 mot Kamerun. Det var ikkje mykje liv i gatene i går kveld..

Dette er monument og talarstol på Independence Square, ein veldig stor plass nede ved sjøen der militæret har parader og der presidenten og ev andre viktige personar viser seg og held talar.

4. februar 2008

Kvartfinale

Søndag ettermiddag var det kvartfinale mellom Ghana og Nigeria i African Cup of Nations. Ein kamp mellom Ghana og Nigeria er 10 gonger så viktig som ein kamp mellom Norge og Sverige, minst.

Me kom til stadion litt før klokka tre, og kampstart var klokka fem. Det var likevel mykje liv og røre, som tok til i styrke og intensitet etter kvart. Me blei kroppsvisiterte ved inngangen, og Torhild måtte gi frå seg ei fløyte ho hadde kjøpt som ein del av supportarutstyret. Ei dame litt nedafor oss hadde greidd å smugla inn ei fløyte, men då ho hadde halde på ei lita stund - lenge før kampstart - kom ein politimann og ville ha fløyta. Ho nekta og laga mykje styr - diskuterte sikkert minst fem minutt før ho endeleg gav seg for overmakta, som hadde auka litt i og med at andre vanlege vakter og kom til.

Kampen var ikkje spesielt god, og Ghana kom på etterskot då Nigeria skorte på straffe, men nasjonen sin helt, Essien (Chelsea), nikka inn utlikning tre minutt på overtid i første omgang. I andre omgang fekk Ghana ein forsvarsspelar korrekt utvist, men då fann dei ut at her må det jobbing til. Ikkje ufortent greidde dei å scora og vann til slutt 2-1, til kjempejubel og fest i gatene og overalt.




Når publikum ikkje var heilt fornøyd med dommaren, kasta dei vannflasker inn på banen, og når Ghana scorte, kasta dei vatn rundt på folk rund seg. Derfor blei me litt våte.