25. juni 2008

Typisk Ghana

Bileta under seier meir enn ord, eller?


















Landskamp

Søndag 22.juni var det landskamp igjen. Ghana mot Gabon i kvalifisering for neste fotballvm i Sør-Afrika. Det blei ein artig kamp, særleg i første omgang, men ennå brenn Ghana altfor mange sjansar. Resultatet blei 2-0.






Det er mange måtar å tena pengar på. Desse hadde malt seg og poserte for fotografane og gjekk rundt med hatten etterpå.

14. juni 2008

Langs vegen

Denne veka har eg vore i Agogo og området vidare innover i "bushen". I løpet av to dagar greidde me å setja oss fast tre gonger, så vegane er eit stort hinder for framskritt. Nå er det eit håp om at vårt prosjekt er med på å framskunda utbetring av vegen. Dette har vore planlagt lenge, og det finst faktisk pengar og.



Me skulle ha såkalla communitymeetings for å informera om prosjektet og høyra folk sine meiningar og spørsmål. Her er eg i gang som referent. Medbrakt aggregat måtte etter kvart til for å halda pc og skrivar i gang.





På vegen tilbake til Accra knipsa eg heilt vanlege situasjonar langs vegen. Treng vel kanskje ikkje kommenteras? Kanskje likevel på sin plass å minna om at dette er hovudvegen mellom Accra og Kumasi, med relativ høg fart og stor trafikk. Det hindrar ikkje folk frå å selja langs vegen, og der det av ein eller annan grunn er stopp, t.d. på grunn av vegarbeid, er det alltid mange som har noko å selja.

2. juni 2008

Trommekjøp



Søndag etter kyrkja tok eg turen til trommeprodusenten eg har truffe før nede ved stranda. Der er det eit stort marked for tradisjonelt kunsthandtverk. Ein god del av dei som sel varene sine her, bur også på området.




Rett nedafor slår Atlanterhave inn mot stranda.

Informasjonsmøte i Agogo

For å få lov til å starta plantasjedrift, må ein ha godkjenning frå EPA - Environmental Protection Agency. Ein del av arbeidet med å få denne godkjenninga går ut på å arrangera informasjonsmøte med dei byane og landsbyane som ligg i området for dei nye plantasjane.

Eit slikt møte blei halde i Agogo torsdag i førre veke. Mange folk var til stades, og ein del av dei nytta høvet til å stilla spørsmål.

Dei vanlege rituala blei også gjennomførte, og i tillegg var det åpnings- og avslutningsbønn som eg måtte ta meg av.


Til venstre ein del chiefar mens dei påkallar divers makter og ber om velsigning over paramount chief, prosjektet mm. Ein messer og dei andre stadfestar heile tida. Litt brennevin blir tømd ut med jamne mellomrom.







Her sit paramount chief saman med tenarar og queen mother (110 år gamal)

25. mai 2008

Bilvask

Bilane blir nokså skitne nå i regntida. Det ser kanskje ikkje så gale ut, men tenk på at det er fullt av søle inni skjermar og under. I dag gjekk eg for full pakke, underspyling og vask av matter inkludert.






Resultatet blei slett ikkje dårleg, men guten som vaska heldt på i over ein time. Fleire omgangar med såpe og vatn måttte til, i tillegg til høgtrykksspyling.






Dette er nabolaget til bilvasken. Ein ser mais i vegkanten. Folk går ikkje langt for å finna ein liten jordflekk å dyrka litt mat på..

Legg også merke til trekkerøyr for kablar som litt ope i dreneringa/bekkken.

Det er regntid nå. Annakvar/tredjekvar dag har me som regel ei rotbløyte. Innimellom er det sol og varmt som vanleg.

19. mai 2008

Sykkeltur













Utsikt over Accra










Dans i kyrkja










Dusj i fossen

Søndag 19.mai manna eg meg opp til å bli med på sykkeltur med to andre, ein nordmann og ein sørafrikanar. Me kjørte først til ein by utafor Accra som heiter Aburi, der me leigde syklar og guide. Så bar det av stad, på vanlege vegar eit stykke og så over stokk og stein i jungelen.

Der i ein landsby høyrte med tromming og synging. Nysgjerrige som me var, sykla me i retning av tromminga og kom til ei enkel kyrkje der lovsangen og dansen var godt i gang.

Elles kom me forbi små landsbyar og enda til slutt opp ved det som dei kalla waterfall=foss, men det beste var faktisk å stå under der og dusja seg litt, sjølv om me var våte frå før både av sveitte og eit regnskyll.

Turen var 40km lang, og eg må innrømma at dei siste kilometrane var tunge. Ein gong då eg skifta stilling frå sitjande til ståande, tok krampa begge føtene. Heldigvis fekk eg strekka ut og rista laus og kom i mål.

Ei flott oppleving. Me kjem nok til å satsa på slik trim meir.