Nå har me (Torhild og eg) alt vore mest ei veke i Ghana. Tida har gått fort, for det har vore mykje å gjera på fleire frontar. Merkeleg nok litt vanskeleg å omstilla seg att. Då eg kom heim, var eg ennå lenge i Ghana, mentalt sett, men eg var sikkert heime lenge nok til at eg treng tid på å finna meg heilt til rette att her.

Lørdag var eg med Thor og ein norsk-ghanear (Kwesi) til Accra. Dei skulle møta ein høgtståande politioffiser. På andre sida av gata var hovudkvarteret til kakaoforeninga, som også markerte støtte til Black Stars, fotballandslaget til Ghana. Rett oppover gata eit heilt vanleg daglegdags syn i gatebiletet i Accra.

I dag (søndag) har det afrikanske fotballmesterskapet startet med åpningskamp mellom Ghana og Guinea som Ghana vann 2-1. Stemninga var stor før kampen, og utruleg etterpå.
Torhild og har og vore i kyrkja i dag, og så tok me oss ein tur på stranda. Ikkje verst i januar...