26. oktober 2007

Helgetur - elddåp






Laurdag og søndag 6.-7. oktober


Me tok ut frå Barfour i sekstida på morgonen. Sjåføren, Sydney, Barfour og eg. Sidan Barfour var litt engsteleg for å bruka den finaste bilen i forhold til leigeutgifter og slikt, blei det til at me tok den raude pick-upen. Ikkje særleg komfortabel, men det blei då plass til oss alle, ein isboks og litt til.


Sidan laurdag er gravferdsdag på landet, og folk frå Accra reiser ut, valde Barfour og sjåføren å ta ein litt lengre veg for å unngå trafikk. Det skulle visstnok gå litt fortaren... Etter to-tre timars kjøring stoppa me for frokost. Så bar det vidare, med ein liten stopp i ein liten by for å levera noko til ein kjenning, Bernard.


Siste del av vegen likna meir på kjerreveg. Vidare og vidare ut på landsbygda bar det, og humpane blei større og større. Me tok att ein landcruisar, som tydelegvis hadde ein sjåfør som var kjend på gjørmehola. Når han hadde passert eit vanskeleg stykke, venta han på oss for å sjå at me kom vidare. Det gjorde me ikkje...


Sjåfør og passasjerar i den andre bilen var så vennlege at me fekk kjøra vidare med dei. Planen var vel at dei kunne hjelpa å taua oss fri etterpå. Bilen tilhøyrde ein hjelpeorganisasjon som heiter World Vision.


Me kom etter kvart vel fram til plantasjen – i tolv-halv eitt tida. Sikkert litt seinare enn me hadde rekna med, men det ser ut til å vera regelen her til lands. Plantene som Thor blei avbilda saman med sist gong hadde vokse ganske bra:


Dei hadde også prøvt seg på å dyrka nyttevekstar saman med jatropha:


Etter fotograferinga var ferdig, stoppa me litt i landsbyen og fann fort ein jatrophabusk me kunne finna frø på. Heile mannskapet i arbeid, medan eg fekk jobb med å fotografera nysgjerrige born – og nokre vaksne. Ein mann kom bort og sa at han var svolten. Då kom det godt med at eg tilfeldigvis hadde med ein flatbrødpakke som ein viss sjef hadde dratt med seg frå Noreg. Mannen takka og bukka og kom att med to knekkebrød som han delte med ungeflokken.


Medan dette stod på forsvann Barfour med onkelen sin til bilen for å førebu redningsaksjonen. Me andre blei inviterte til mat hjå pastorparet i den lokale pinsevennkyrkja. Det blei servert steikt yam med peppersaus og hermetisk fisk. Smakte faktisk ganske godt.


Leiaren for World Vision i området stod for dette, og når han fann ut at det var på tide å bryta opp, for me av garde med Landcruisaren att.


Med lånt wire gjekk me i gang med friskt mot, godt assistert av viljuge hjelparar, men landcruisaren måtte til slutt gi tapt etter å ha slite sundt slepekroken på pick-upen. Ein motorsykkel blei sendt tilbake til landsbyen for å spør om hjelp frå ein traktor me hadde sett kjøra forbi då me var der. Dette tok ei laaaaang stund, men endele kom nå ein traktor med svær hengar kjørande. Det tok ikkje så lang tid før me hadde greidd å dra pick-upen ut av søla ved hjelp av den.


Men ingen av dei lokalt kjende våga å la pick-upen snu her, så den måtte gjennom sølepytten han prøvde å unngå då me sette oss fast, snu, og så koma tilbake att. Det dampa ganske godt under panseret, men bilen sveiv og alt syntest å gå vår veg etter nokre timar arbeid og venting. Så skulle traktoren vidare, og det gjekk ikkje likare enn at den blei ståande fast 100m lenger oppe i vegen. Etter eit mislukka forsøk var det ikkje fritt for at eg sende ei lita bøn til høgare makter, - og skulle du sett: traktoren kjørte vidare!


Landcruisarsjåføren kom så ned til vår bil for å fresa den gjennom dei verste sølespora. Vår sjåfør hadde blitt litt mobba for at han berre hadde taxi-erfaring frå Accra... Dette gjekk også fint, men sjåføren vår var litt bekymra for kjøleanlegget, og det viste seg at radiatoren var meir skada enn me likte. Bilen blei parkert i grøftekanten, og alle steig inn i landcruisaren att som tok oss heilt til næraste by.


Barfour takka så mykje for all hjelp og tålmod, medan leiaren svarte at det var Gud som hadde laga det slik at me kom i deira veg og dermed gitt dei eit høve til å hjelpa oss. Slik kan ein også sjå på det som skjer!

1 kommentar:

Silje sa...

Fantastisk. Kjekt å få detaljane etter kvart!