19. mai 2008

17.mai




Nasjonaldagen blei feira på relativt tradisjonelt vis. Me møtte opp hjå den norske konsulen, Morten Gade, der det var flaggheising og tog. Eit skikkeleg hornorkester leda an og spelte også for oss når me slappa av i hagen.

Tale for dagen blei halden av mora til konsulen, og etter kvart kom det lunsj på bordet: laks i ulike variantar, pølser, spekemat og anna godt. Seinare skulle det vera kaffi og kransekaker, men då hadde me fått nok mat og var ganske heite - for veret var som vanleg strålande med høge temperaturar. Midt i Accra er det ikkje alltid så mykje vind heller, så det var godt å få av seg dressen og få på seg meir komfortable klede.

1 kommentar:

Liv sa...

Kjekt å sjå at det blei feiring på deg og, og skikkeleg musikk, det må eg seie!