I går kveld var det stor «oppstandelse» i nabolaget. Butikkane tvers over gata blei jamna med jorda av svære hjullastarar. Politi var på plass, og mange tilskodarar. Seth sa at dei som hadde desse butikkane hadde blitt advart for om lag eit halvt år sidan, og no dukka renovasjonen opp. Svært få fekk tid til å berga det som for oss ser ut som skur, men som for nokon er både levebrød og bustad. Trist å vera vitne til. I dag låg skura i ruinar, og folk heldt på å rydda litt. Skal bli interessant å sjå om styresmaktene kjem til å rydda alt, eller lar det vera opp til folk sjølve å rydda.
Tok ein tur i nabolaget – nedover gata og tilbake att. Nokre få innkjøp, og så sette eg meg ut i sola litt. Må jo prøva å få litt farge på kroppen til eg kjem heim att. Saman med Seth skulle eg sjå ManU mot Middlesborough. Rett før kampstart kom det ein skikkeleg regnskur, og straumen gjekk... Eit kvarter etter kampstart kom straumen tilbake. Seth meinte at grunnen til slike straumbrot var kortslutning som følgje av at ledningane slo mot kvarandre i vinden eller greiner daska mot dei og laga kortslutning.
Ettermiddagen og kvelden går med til rapport- og mailskriving. Kanskje blir det Die Hard 2 seinare i kveld.
2 kommentarer:
Forresten: kva er yam?
Ragnhild har veldig lyst til å sjå fleire bilete av morfar, så du må bare engasjere fotografar!
yam er ei slags rot som i konsistens og smak liknar litt på potet.
Legg inn en kommentar