31. oktober 2007

Onsdag 31.oktober

No har eg alt vore her i ein månad. I dag har me sett på hus, men enda opp med det huset me har vore og kikka på fleire gonger. Til slutt blei det ein akseptabel pris for både kjøpar og seljar, så no håpar me at alle er glade.

I "mitt" hus er det framleis litt spartansk, som de kanskje forstår av bileta. I går kjøpte eg meg akvarium for 2 GHC - om lag 12 kr. Litt selskap om ettermiddagen og kvelden skadar ikkje...





I går kjøpte me også kontormøblar som skulle bli levert og montert i dag, men til no - kl 17.06 - har ingen vist seg.

2 kommentarer:

Familien Nossen sa...

Så fint akvarium! Eg og ønsker meg det =) Møblene var ganske sånn afrikanske.. :-) Er enig at det såg litt spartansk ut. Ønsker du deg bilete til jul?

Åge sa...

Møblane er kjøpt langs vegkanten. Under trea nedafor held mange på med produksjon. Slik er det mange stader her i byen. Møblane blir produserte i friluft og står til utstilling langs vegen.

Bilete til jul? Flott!