11. november 2007

helg 10.-11. november

Det har vore ei roleg og lat helg. Veldig avslappande. Har gått tre turar i nabolaget. Kvar gong treff eg barn som ropar "obruni" etter meg og gjerne vil snakka litt. I går gav eg fire skuleelevar 1 GHC på deling, og då var det "God bless you" før dei gjekk vidare. I dag traff eg ein søskenflokk på fire som gjerne ville sjå kor eg budde, men eg greidde no å rista dei av meg før det... Eit par av smågutane ville gjerne halda meg i handa, så dei er tillitsfulle- og sikkert nysgjerrige.

I dag var eg i kyrkja att. Einaste kvite, så det er jo litt rart. Folk er vennlege, men eg får førebels ikkje særleg kontakt der. Kan ha noko med det å gjera at eg reiser tilbake til kontoret når det er slutt. Skal kanskje gi meg meir tid neste gong.

På biletet til venstre ser de ein av ungdommane som hjelper til i gudstenesta. No samlar han inn offer. Det var tre ofringar i dag. Det første blir samla inn i benkene, det andre blir levert i korger som står framme i koret, og det tredje var ekstra i dag til støtte for evanelistar som skulle ut i meir perifere område av landet.


Når gudstenesta er slutt, går koret først og kyrkjelyden etter, medan ein syng ein salme. Så stiller dei seg opp på rekke og rad, slik at alle får helsa på kvarandre.

1 kommentar:

Silje sa...

Det plar vere lurt å ha litt tid til å prate med folk ja. Veit ikkje korleis det er i Ghana, men i Noreg er det jo ofte slik at ein må ta initiativ først og så blir folk veldig pratsomme. Det er kjekt å sjå bilete!