6. november 2007

Vellukka helgetur

Helg 3.-5. november


Laurdag morgon ble eg henta klokka seks som avtalt. Litt før halv sju var me på bussterminalen i Accra, sjekka opp eit par bussar før me bestemte oss for å satsa på ein litt meir offisiell buss enn sist. Denne skulle gå halv åtte, same kor mange passasjerar dei hadde. Vel, då var det bare å venta i ca ein time – litt forgjeves å stå opp så tidleg då, tenkte eg. Bussen kom av garde nærare kvart over åtte, så regulariteten var ikkje all verden..

Rett etter avgang starta ein mann å snakka til alle i bussen. Eg trudde det var ein representant for firmaet som prøvde å retta opp den seine avgangen med nokre fine unnskyldningar, men det var ein predikant som heldt ein engasjert andakt i om lag ein halv time. Det var både hallelujah og amen frå passasjerane, og kollekt før han steig av...


Trafikken ut frå Accra var enorm, så me kom ikkje fram til Kumasi før halv to. Innsjekking på hotell, skifting til gravferdskostyme, og så bar det på fest, for gravferd i Ghana er fest for dei levande og noko ein gjer for å oppmuntra den næraste familien til den avlidne. Det var stort sett mykje lyd heile tida, med eit trommeensemble som leda an.


Det blei mykje handhelsing, me fekk tilvist ein plass å sitja, men etter ei stund måtte me vidare til servering. Det var soft-drink og øl, alt etter eige ynskje. Grilla kylling, nøter og kjeks blei også servert. Der sat me til det var tid å gå heim. Fekk ta ein del bilete som viser nydelege kostyme.




Søndagen skulle me til gravferda for chiefen i Kumawu. Litt feilkjøring blei det, men me kom fram etter kvart. Der var det ikkje noka gravferd, nei. Den var over torsdag ettermiddag. Men me hadde ein fin tur og fekk sjå mykje fin natur og interessante landskap.


Søndag kveld sjekka me opp leigebil. Me fann ein ledig Toyota Landcruiser til 120 GHC for ein dag, med sjåfør.

Papir blei fylte ut og eg skulle til å betla då B meinte at 20 GHC var nok, resten kunne dei få dagen etter når dei dukka opp på hotellet. Nei, det var ikkje tale om, men eigaren skulle ringa seinare på kvelden og stadfesta at dei kunne koma. Han ringde ikkje og me prøvde å ringa han, men ingen kontakt. Neivel, B fekk hjelp på hotellet til å ringa eit anna firma og avtalte ein firehjulsdriven bil frå dette firmaet til klokka seks morgonen etter. Eg hadde no mine tankar om dette.. Kvart på seks måndag morgon ringde den første og sa at han var i resepsjonen. Vel, Barfour meinte at dette var ok. Den som kjem først, får oppdraget og pengane. Slik er det i Ghana... Frokosten me hadde bestilt kvelden i førevegen til kvart på seks kom aldri, og var heller ikkje klar i restauranten, så me bare kjørte. Stoppa ein stad på vegen og åt frokost.

Vegen til plantasjen var dårlegare enn sist. På plantasjen var fem-seks arbeidsfolk i gang med machetane sine. I løpet av 10-15 dagar hadde dei rydda kanskje ¼ av plantasjen. Dei slår ikkje berre graset, men rotar opp røtene, slik at det ser ut som åker etter dei. Ikkje rart at dette tar tid. Biletet viser ei plante som er ca eit halvt år. Her finn me blomar, og på ei anna plante var det alt frukt.



Eg måtte og prøva ut ugrastyning på gamlemåten. Misunner ikkje dei som driv på slik heile dagen..





Landskapet nordaust for plantasjen.





Etter plantasjebesøk bar det vidare til elva som deler landskapet. Me kjørte så langt som vegen gjekk, og der fann me ein landsby der borna bada i elva som born andre stader der det er vatn.




Tilbaketuren gjekk greitt, ingen kjøreproblem denne gongen.

Me stoppa ved ein butikk og kjøpte appelsinar som ei dame gjorde klar for eting. Om lag 30 øre pr. stk. Biletet viser disken i butikken..




Me hadde bestemt oss for å ta fly frå Kumasi til Accra, og derfor var me tilbake i Accra litt over seks om ettermiddagen. Det som då tok verkeleg laaaang tid, var den korte kjøreturen frå flyplassen til kontoret, kanskje om lag ei mil. Det tok oss ca ein time i konstant kø.


Men alt i alt, ei interessant helg der eg fekk sjå nye landskap, treffa interessante folk, og eg fekk til og med slappa av og trimma litt i symjebassenget til hotellet me budde på.

Ingen kommentarer: